// Lokallitteratur // Go'bitar frå besta si kokebok

Handlekurv

 
Go'bitar frå besta si kokebok av
Ingebjørg Lyster
Forfatter:
Ingebjørg Lyster
Forfatter:
Olaug Myrhol Hatløy
Forlag:
Bokbra Forlag
Format:
Innbundet
Språk:
Nynorsk
Utgitt:
2015
Antall sider:
199
Vekt:
1060
Nøkkelord
Lokalmat, lokalmat
Pris: 398,-

Beskrivelse av boken
«Go`bitar frå besta si kokebok» er meir enn ei kokebok. Dette er ei matbok som tek deg med på ei reise gjennom sunnmørsk matkultur dei siste hundre år. Boka har vorte ei sanseleg minnebok om mat, tradisjon og kultur på Sunnmøre. Folket langs heile Vestlandskysten vil nok kjenne seg att i det stoffet som er presentert.

Du vil òg få innsyn i grunnleggjande konserveringsmetodar, som det i dag ikkje er vanleg å gje plass til i ei kokebok. Har du til dømes lyst å lage di eiga kryddersild, lefser, solbærsaft eller svinemòr, vil du finne både oppskrifter og framgangsmåtar i boka. «Go`bitar frå besta si kokebok» inneheld om lag 200 oppskrifter, og er rikt pryda med om lag 150 bilete.

Som bonus får du òg ein del ord og omgrep som har forsvunne, eller er i ferd med å forsvinne frå språket vårt.

Boka skildrar også korleis «ho mor» har hatt det gjennom den rivande utviklinga som har funne stad i kjøkenet vårt sidan byrjinga av 1900-talet.

Forfattarane har samla kunnskap, oppskrifter og historier gjennom mange år. Dei har vakse opp med stolte tradisjonsberarar i nær familie som har gitt dei inspirasjon, og begge har matfagleg utdanning. Dette gjer at boka er godt fagleg forankra.

Ved å lese denne matboka, risikerer du å finne att dine eigne matminner. Kanskje kjenner du allereie no lukta av besta si rabarbrasylte, eller mor sin søndagsmiddag med kjøtkaker, brun saus og surkål.