Omslag - Go'bitar frå besta si kokebok

Go'bitar frå besta si kokebok

av Ingebjørg Lyster

Beskrivelse av boken

«Go`bitar frå besta si kokebok» er meir enn ei kokebok. Dette er ei matbok som tek deg med på ei reise gjennom sunnmørsk matkultur dei siste hundre år. Boka har vorte ei sanseleg minnebok om mat, tradisjon og kultur på Sunnmøre. Folket langs heile Vestlandskysten vil nok kjenne seg att i det stoffet som er presentert. Du vil òg få innsyn i grunnleggjande konserveringsmetodar, som det i dag ikkje er vanleg å gje plass til i ei kokebok. Har du til dømes lyst å lage di eiga kryddersild, lefser, solbærsaft eller svinemòr, vil du finne både oppskrifter og framgangsmåtar i boka. «Go`bitar frå besta si kokebok» inneheld om lag 200 oppskrifter, og er rikt pryda med om lag 150 bilete. Som bonus får du òg ein del ord og omgrep som har forsvunne, eller er i ferd med å forsvinne frå språket vårt. Boka skildrar også korleis «ho mor» har hatt det gjennom den rivande utviklinga som har funne stad i kjøkenet vårt sidan byrjinga av 1900-talet. Forfattarane har samla kunnskap, oppskrifter og historier gjennom mange år. Dei har vakse opp med stolte tradisjonsberarar i nær familie som har gitt dei inspirasjon, og begge har matfagleg utdanning. Dette gjer at boka er godt fagleg forankra. Ved å lese denne matboka, risikerer du å finne att dine eigne matminner. Kanskje kjenner du allereie no lukta av besta si rabarbrasylte, eller mor sin søndagsmiddag med kjøtkaker, brun saus og surkål.

Detaljer

Forfatter mm Ingebjørg Lyster
Forlag Bokbra Forlag
Format Innbundet
Utgivelsesår 2015
Kategori Lokallitteratur
Språk Nynorsk
ISBN/EAN 9788299820868
Antall sider 199 sider
Vekt 1060 gram